Du er her: Hjem
PC180009_2048x1536

Joleavslutning

Joleavslutninga for elevane på Hylestad skule gjekk etter tradisjonelt mønster. Alle gjekk frå skulen til kyrkja, der det vart høgtidsstemning med ljostenning, tekstlesing og song. På soknehuset serverte FAU jolegraut og saft. Tre heldige grautetarar fann kvar sin mandel og fekk kvar si gåve. Så vart det tid til kaffi og kake, underhaldning frå elevane og avskjed med Alida Harskamp, som hadde sin siste skuledag.

2015-12-20
12394321_738987042899676_47401001_o

Joleverkstad

Aldersblanda grupper, fire i talet, jolemusikk og god stemning.
2015-12-17
P1014086

Den fyrste snjoren

Snjoren har lagt seg i Hylestad. Aktive ungar, full fart, hyl og latter fyller skulegarden.
2015-12-02
12023021_710284945769886_1070216606_n

Forskningsdagene 2015

Mellomsteget på Hylestad skule var av dei få heldige som fekk delta på "Forskningsdagene 2015" på UIA, Grimstad. Bussen frå Hylestad gjekk grytidleg måndag 21.september. Avreise kl 06.30. Elevane var klar for ein dag med forskning i fokus. På universitetet fekk dei prøve seg på fleire aktivitetar, oppleve smell, eld...
2015-09-24
12032403_710283682436679_2110663389_n (1)

Heietur til Bjørgedalen

Ein regntung haust gjorde til at me utsette heieturen til september, og endeleg kom sola. Bussen tok oss med opp Bjørgekleiva. Derifrå kunne me gå etter ein fin grusveg inn til Skjellestøyl. Kari Bjørgum losa oss innover heievegen. Me stoppa opp fleire stader der ho fortalde og levandegjorde historiar frå livet i gamle...
2015-09-24
11328983_660510864080628_309024917_n

"Stemningar" - kunstutstilling på Setesdalsmuseet

Sommarutstillinga på Setesdalsmuseet i år har namnet "Stemningar". Det er ein serie måleri/collage på lerret og papir av Kristin Brokke. 5-6.klasse fekk møte kunstnaren og samtale om teknikkar, motiv og eigne opplevingar av kunsten. Elevane fekk også anledning til å lage teikningar/måleri og stille ut eigne verk ...
2015-06-09
Hesnes øy

Fevik Maritime Leirskole

Leirskuleveka for 7.klasse

Ei veke i mai vart ei annleis skuleveke for 7.klasse frå Valle og Hylestad. På Fevik Maritime Leirskole møtte våre elevar ungar frå tre andre skular i Noreg (Nes, Lier og Langhus). 110 10-12-åringar med orange redningsvestar fylte området. Aktivitetane var mange: fiske, trekke garn og ruser, ro, segle og bade. Eit av h...
2015-06-09
125_1536x2048

Ugler i mosen

Denne våren har 3.-4.kl. strikka ugler i kunst og handverk timane. Mange stikka for fyrste gong, og nokre kunne det frå før. Det vart laga alt frå 1 – 3 ugler pr. elev, og nokre laga endå fleire ugler heime! Det vart flotte og kreative resultat! Under ser de nokre av uglene som vart laga.
2015-06-08
workshop klippa

Absence Crew med show og workshop

"Det beste kultur-sekk-innslaget nokon gong" var kommentarar frå fleire elevar då dei hadde vore med på fire skuletimar med Absence crew. 
2015-03-10
skidag 2015[1]

Skidag for Valle og Hylestad skular

Då elevane kom til Brokke Alpinsenter, letta tåka, sola kikka fram og gjorde sitt til at skidagen vart ein hyggeleg dag.
2015-02-11
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS